Hans Sande (1946) "I heile verda finst det hundre tusen
|
|
Foto: Lars Eivind Bones |
| Sande debutert i 1969 med diktsamlingen "Strime", som han fikk Tarjei Vesaas'debutantpris for. | ||
| Kreativ Mani fra "Bok og samfunn", nr. 24/99 | «Eg sluttar aldri med å forundre meg over andre menneske. Ikkje noko menneskeleg er framandt for meg, det er sant. Men forundra blir eg likevel, over alt det rare folk trur på, alle dei sprø ideane. Eg sluttar aldri med å forundre meg over meg sjølv. Alt det rare eg kan finne på, alt eg er i stand til å misforså! Misforså, det er eit nytt ord, i farten snubla fingrane og skreiv feil. Misforså vil seie at du sår det du ikkje vil ha sådd, du vil dyrke neper og poteter, men i staden dukkar det opp ein skog av sprellande fingrar i åkeren. Kva skal du gjere med dei? Eg veit kva eg skal gjere med mine absurde fingrar i åkeren, for dette er jobben min. Gong på gong blir misforståingane utgangspunkt for dikt og noveller som eg elles ikkje ville ha skreve. Eg snublar, og dermed ser eg noko eg elles ikkje ville ha sett. Dette blir kalla lateral tenkjing, tankar på sida av allfarveg. Det er ei dragning mot det avvikande, det ukjende, det som ligg bortanfor det planlagde og på baksida av orda og fornuften. Odd Nerdrum har sagt at det å vere kunstnar er som å å gå med små diamantar inni hjernen. Diamantane lyser opp stiar som andre ikkje ser. Oskeladden gjekk på desse stiane og fann ekle, ubrukande ting som vettige folk gjekk framom. Æsj, kast det! Kanskje er det slik at kunstnarar, psykotiske personar og oppfinnarar har dette felles; løgne tankar som ploppar opp og tek overhand når vi minst ventar det. Løgne tankar som vi ikkje blir kvitt. Kanskje er det dette eg gjer som forfattar; eg dyrkar vrangførestillingane mine, eg byggjer ein heil roman, eit heilt univers omkring misforståinga, eller det helsikes slitsomme sandkornet i muslingen, som Wergeland skreiv så vakkert om. Lag på lag med fantasiar til verket er større enn skaparen. Slitsomt, ja! For sjølv om det er herleg å vandre på små, ukjende stiar, oppslukt av laterale tankar, kan det også vere eit slit. Ikkje berre for dei galne, dei som er fanga av den psykotiske forma for lateral tenkjing. Eg som forfattar har det også slitsomt med alle dei løgne tankane mine. Det kan bli så gale at eg ikkje får fred for nye påfunn, og eg vil ikkje ha fred heller, for det haglar med artige idear, ordspel, språklege nyskapingar, svimlande fantasiar. Eg kallar det kreativ mani. Fordi straumen i periodar er ustoppeleg, og alt eg ser og høyrer og føler blir sugd inn i den kreative vedundermaskina som skapar kunst av daude skjortar og utgåtte skosålar. » |
|
Representert i
|
|
Eg trudde det var ei synagoge og fylte meg med andakt i det eg gjekk framom Seinere fekk eg vita at det var Dale fabrikker No tek eg alltid ein omveg. |
Eg var ein ivrig klatrar men då eg fekk vita at det høgste fjellet berre var til pynt miste eg lysta. |
Kort visittKanskje var det Gud?men han kunne ikkje legitimera seg so eg laut visa han frå meg. |
Det beste med å døy er nok at det skjer så sjeldan. |
|
I staden for å svikta kvarandre gjekk dei hand i hand til dei rotna Låg ein dag og skvalpa i fjøra som to daude fillete maneter. Dei drap kvarandre |
Vi druknar oss saman sa han Du fyrst sa ho Sidan rodde ho båten heim
Eg kan ikkje dela meg |
|
Nei, eg har ikkje fått gjort noko med grunnmuren i den tida du var her Men eg har då fått møblert nokre rom Det ser bra ut Her er snart ferdig og eg kan snart flytta inn i meg. |
Far min var ein snill mann han rydda trollskogen foran meg Men ei helg han far var bortreist la nokon to pinnar i kross framfor føtene mine. Eg stupna og reiste meg aldri att Far min var ein snill mann. |